190705159_4392520170781957_4463020585730523308_n.jpg

Velkomen til Heilekonferansen
28. - 29. august 2025 | Sunnfjordsalen
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Kva skjer når vi må endre takta?

Strøymingane går raskare, saktare – og nokon stadar i revers.

Følger vi rytmen eller går vi mot straumen?

Heilekonferansen samlar folka, viljen og krafta i næringslivet i Sogn og Fjordane til foredrag og paneldebattar med lokale, regionale og nasjonale aktørar, over to dagar, frå lunsj til lunsj.
Konferansen har vore fullsett sidan oppstarten i 2021.

På scena

  • Sophie Elise Isachsen

    Influencer og gründer

  • Kai Eide

    Diplomat

  • Bernt Hulsker

    Bernt Hulsker

    TV-personlighet
    Tidligere fotballproff

  • Simen Staalnacke

    Gründer og designar

  • Edgeir Asknes

    CEO i Tibber

  • Ole Christian Apeland

    Adm. Direktør - Apeland

  • Torill Standal Eliassen

    Teknologi, livslang læring og (sjølv)leiing

Sophie Elise Isachsen har gått frå å vere ein av Noregs mest profilerte influensarar til å bli ein suksessrik entreprenør og forfattar. Ho har bygd ei sterk personleg merkevare gjennom sosiale medium, bokutgivingar og eigne produktlinjer, og har vist korleis digital synlegheit kan omsetjast til kommersiell suksess.

Kai Eide er ein av Noregs mest erfarne diplomat og ein ekspert på internasjonal politikk. Med ei karriere som inkluderer toppverv i FN og NATO, har han hatt ei sentral rolle i internasjonale forhandlingar og krisehandtering. Han har vore Noregs ambassadør til både OSSE og NATO, og var FNs spesialutsending til Afghanistan.

Bernt Hulsker er tidlegare fotballspelar og ein kjent mediepersonlegdom. Han har markert seg som programleiar, komikar og forfattar, og er kjend for sin direkte stil og treffande humor. Hulsker når breitt ut i både tradisjonelle og sosiale medium.
 
Simen Staalnacke er ein av grunnleggarane av Moods of Norway og ein erfaren merkevarebyggjar og gründer. Med si kreative tilnærming til forretning har han sett spor i norsk og internasjonal design- og motebransje.
 
Edgeir Aksnes er medgründer og administrerande direktør i Tibber, eit teknologiselskap som har revolusjonert energibransjen med smarte, digitale straumløysingar. Med ein visjon om å gjere straum smartare, billigare og meir berekraftig har Tibber utfordra dei tradisjonelle energiselskapa og skapt ei ny retning for forbrukarstyrt energibruk.

Ole Christian Apeland
er ein av Noregs mest erfarne kommunikasjonsrådgivarar og leiar for selskapet Apeland. Han har jobba med omdømme, merkevare og strategi for verksemder over heile landet, og er ein ettertrakta rådgivar og foredragshaldar. Han er også kjend som spaltist i Dagens Næringsliv og programleiar for podcasten Lederliv.

Torill Standal Eliassen er CEO i Conta, eit softwareselskap med sterk vekst både nasjonalt og internasjonalt. Ho brenn for å demokratisere teknologi, og arbeider aktivt for eit større mangfald i teknologibransjen. Torill vil dele korleis vi alle kan møte digitalisering og endring – uansett bakgrunn. Ho viser kvifor livslang læring, leiarvilje og mangfald er nøkkelen til å lykkast i ei stadig meir digital verd.

På Heilekonferansen får vi servert mat i verdsklasse
– signert Norges Kokkelandslag.

Med dei fremste kokkane i landet på laget står dei for innovasjon, handverk og smakar i toppsjiktet av det norske og internasjonale kjøkkenet. Kokkelandslaget har gjennom fleire år hevda seg i dei største konkurransane i verda, og er kjent for å kombinere norske råvarer med kreativitet og presisjon.

Tilbakemeldingar frå 2024

Samarbeid 2024



Arrangør av Heilekonferansen er FINS Aktivitet AS og Førde Industri- og Næringssamskipnad, i samarbeid med arrangementsselskapet Hending og Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

Hald deg oppdatert!

Registrer deg for å få tilsendt nyhetsbrev frå Heilekonferansen:

Nyhetsbrev

* indicates required