Program 2026
Torsdag 27. august
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
-
ved resepsjonen
-
-
Sunnfjordssalen
-
Verda rundt oss er i rask endring – politisk, økonomisk og teknologisk. Gjennom dagen ser vi nærare på korleis globale utviklingstrekk påverkar næringslivet, tryggleiken og kvardagen vår her i Sunnfjord.
-
Ketil Solvik-Olsen er tidlegare samferdselsminister og har brei erfaring frå politikk og næringsliv. Etter meir enn sju år i USA har han unik innsikt i moglegheitene og utfordringane i forholdet til vår store nabo i vest.
-
SpareBank 1 Sogn og Fjordane lanserer «Ringar i vatn» – ei ny ringverknadsanalyse utarbeidd av Tell i samarbeid med Sogn og Fjordane Næringsråd. Analysen gir eit aktuelt bilete av nærings- og samfunnslivet i Sogn og Fjordane, og skal danne eit felles kunnskapsgrunnlag for den vidare utviklinga av regionen.
-
Kva betyr funna i ringverknadsanalysen for dei som står midt i endringane? Vi møter representantar frå berørte bransjar til ein samtale om konsekvensane, utfordringane og moglegheitene dei ser framover.
-
-
USA anno 2026 – eit gigantisk bilkrasj i sakte film, eller ei stormakt i ferd med å finne opp seg sjølv på nytt? For oss i Noreg har landet på andre sida av Atlanteren blitt ein endelaus thrillerserie – dramatisk, tragisk, komisk og hjarteskjerande. Thomas Seltzer tek oss med på ei reise gjennom vegane USA kan ta i åra som kjem, og kva utviklinga vil bety for resten av verda.
-
Leia av Rolf Sanne-Gundersen. Panelet beståande av Thomas Seltzer, Ketil Solvik-Olsen og statssekretær Sigrid Ina Simonsen, Kommunal- og distriktsdepartementet
-
-
Kva skjer når ein tidlegare kriminell hacker og ein erfaren tryggleiksekspert går på scena saman? Gjennom live hacking, verkelege historier og humor viser Marius Jordet og Eddie Strandengen korleis digitale angrep skjer – og kvifor dei lukkast. Publikum får ei vekking og konkrete tryggleikstiltak dei kan ta med tilbake til eiga verksemd.
-
Tuva Fellman kjem til scena med ei heilt spesiell nyheit – skapt saman med lokale krefter i Sunnfjord. Kva som er på gang, held vi hemmeleg litt til. Men vi kan love at dette er noko du vil få med deg!
-
-
Scandic Sunnfjord hotell
-
-
-
Sunnfjordssalen
-
Med humor, varme og engasjement fortel han om kjærleiken til Noreg og korleis den pakistanske bakgrunnen har forma han som journalist og menneske. I føredraga sine løftar han fram tema som mangfald, ytringsfridom og integrering på ein innsiktsfull og rørande måte. Med 20 års erfaring som journalist gir han òg spennande innblikk i dekninga av store nasjonale og internasjonale hendingar.
-
Entreprenørbransjen møter færre oppdrag og ein marknad i endring. Julie Brodtkorb frå MEF ser nærare på korleis situasjonen påverkar næringslivet – og korleis verksemdene kan tilpasse seg nye behov og endra etterspurnad.
-
-
-
-
Den menneskelege dimensjonen er sentral i kriser. For å kunne handtere ei krise som leiar, må du kunne handtere deg sjølv.
Når kriser rammar, er det ikkje berre organisasjonen som blir sett under press – det gjeld også oss menneske. Helge vil dele erfaringar og refleksjonar om mental eigenberedskap: kva det er, kvifor det er viktig, og korleis vi kan styrkje oss sjølve i forkant av kriser.
For kriser handlar ikkje først og fremst om planar og system – dei handlar om menneske.
-
-
i restaurant Laxen
Fredag 28. august
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa